VÁLMMAS ON IT - årets festivaltema 2024
VÁLMMAS ON IT
Válmmas - mii leat válmmas (vi er på gang/klare)
Arctic Moving Image & Film Festival (AMIFF) foregår frå 7.-10. november 2024 i Harstad. Tittelen på årets festival er VÁLMMAS ON IT. Tittelen er utarbeidet at årets hovedkurator, Kjetil Berge.
Det samiske senteret Várdobáiki er inviterte som bidagsytarar til festivalen. Várdobáiki som husar den samiske festivalen Márkomeannu ligg på Evenskjer ved Harstad. Lydkunst og performancegruppa dubmorphology , m/ Trevor Mathison og Gary Stewart er inviterte frå UK. Evenementet skjer på Várdobáiki i Tjelsund kommune, nabokommunen til Harstad der AMIFF har hovedsete. Dubmorphology lagar eit bestillingsverk til festivalen og Márkomeannu har invitert Risten Anine Gaup til å være en del av bestillingsverket, og AMIFF har invitert Runa Bergsmo. Várdobáiki har invitert kunstnaren Rámavuol Elle Bigge som deltar med eit ferdig verk.
Valg av Rámavuol Elle Bigge / Ellen Berit Dalbakk og dubmorphology, Trevor Mathison og Gary Stewart.
Trevor Mathison var ein av grunnleggjarane av The Black Audio Film Collective, den prisbelønna dokumentar gruppa bak filmane Handsworth Songs ogThe March. The Black Audio Film Collective utforska det multikulturelle Storbritannia på 80 og 90-talet. Saman med Gary Stewart utgjer Trevor Mathison nå gruppa dubmorphology. Den kritisk undersøkjande og det poetisk reflekterande i lyd og filmarbeida, samt erfaringa dubmorphology har frå festivalar og store relasjonelle kunstevenement, gjer gruppa til ein særeigen bidragsytar i festivalen.
Utenfråsynet, og evna til å gjenkjenne systemiske maktgrep deler dei med den inviterte festivaldeltakaren Rámavuol Elle Bigge. Det samiske senteret Várdobáiki har vald kunstnaren Bigge til å framføra ein av Bigge’s performancar som omhandlar binær og ikkje binær tilhørighet via samiske klede. Bigge og dubmorphology er klartsynte formidlarar med empatiske tilnærmingar.
Kuratorisk notat
“VÁLMMAS er eit samisk ord og betyr «eg er på farten, klar». ON IT er eit engelsk uttrykk, som betyr å aktivt adressere eit problem, som i: "I'm on it!"
VÁLMMAS ON IT, er eit bekreftande uttrykk, som betyr å være budd på handling og å handle på samme tid. Tittelen er eit utgangspunkt for ein samtale om å lage, tenkje og handle saman her og nå. Framtida er alltid i nåtida og bærer vår historie.
VÁLMMAS ON IT, AMIFF 2024 er den tredje av ein serie kunstbegivenheter frå eit queer-perspektiv som forbinder potensielle allierte mellom divergerande grupper og tilknytningar.
Den første utstillingen BEND IT, 2022 på Atelier Nord, kuratert med Ida Lykken Gosh, var ein gruppeutstilling som feira skeive, deira medspelarar og spekulative medsammensvorne.
Arrangement nummer to, BEND IT, MAYBE (AMIFF i 2023) Filmfestivalen sette fokus på gruppetilhørighet via nyere norsk immigrasjonshistorie og nettbasert utforskning av identitet gjennom avatarer.
VÁLMMAS ON IT er sett saman av to språk som er motsette i bruk og gjenkjennelse plassert side om side. Første del er på samisk. Ei transnasjonal språkgruppe nesten utrydda. Den andre på engelsk som ikke lenger bare representerer engelsk kultur. Starta av kolonisering held den fram med å spre seg og utvidar si globale rekkevidde.
Fornorskninga, den destruktive konsekvensen av den norske statens politikk overfor den samiske kulturen har gjort at samisk og andre minoritetsspråk har gått tilbake i bruk. I det samiske området der AMIFF finner stad, har det nesten forsvunne.
Kunst er alltid et nyttig politisk verktøy som kan pressast for gevinst og er uendelig tilpasningsdyktig. Den kan brukes til å rettferdiggjøre forskjeller, og gi grupper og tilknytningar symbol og kulturelle narrativ til å underbygge deira eigenart. Den kan også perforere skiljevegger og skape forbindelsar på tvers av skillelinjer.
Historien har blitt bestemt ved deling av plass, i privat eigedom, nasjonar og imperier og har ført til ei kolonisering av tid og vår evne til å eksistere i nåtida. Kva om vi tenker på nåtida som fri tid; eit augneblink som vi deler, nå, på jorda, med våre forskjellige historier, erfaringer og identitetar? Hva skal me gjera med den frie tida vår?”
- Kjetil Berge