BEND IT, MAYBE - Årets festivaltema

Festivaltemaet for ARCTIC MOVING IMAGE & FILM FESTIVAL 2023 er BEND IT, MAYBE.

Det er årets hovedkurator, Kjetil Berge som står bak tematikken - nedenfor kan du lese hvordan han definerer “Bend it, maybe”

«Årets festivaltittel, BEND IT, MAYBE, er tenkt som ei åpen og løysningsorientert oppfordring til betraktningar rundt relasjonelle tema, med fokus på identitet og tilhørighet.

Desse temaene er stadig på dagsorden. I sosiale medier flyt meiningsstraumen på ei stor og vedvarande slagmark full av stridbare overskrifter med polariserande og forutsigbar tenkning. Troll og robotar kjempar for å publisere meningar med hatefulle overskrifter om folk dei ikkje trur høyrer til. Det er ei haldning meint til å ekskludere folk fra den offentlige debatten så vel som IRL.

BEND IT, MAYBE oppfordrar til ei omfavning, og beskriv begynnelsen på ein boge, noko som kan vidast ut og endre retning. Overskrifta er humoristisk og inviterer til refleksjon, om- og ettertanke og er eit alternativ til ein standard forsvars posisjon. Å sjå for seg fleksibilitet, fundering, inkludering, empati og vidsyn som effektive verktøy i relasjonelle maktforhold synest radikalt på dette punktet.

- Kjetil Berge

Helene Hokland